Ask Administrasjon AS

Ask Administrasjon AS tilbyr rekneskapstenester, administrative tenester og rådgjeving til små bedrifter i ulike bransjar. Vi har kontor i Volda på Søre Sunnmøre, men kan utføre tenester for verksemder over heile landet. Rekneskapsbransjen er i seg sjølv i ei rivande utvikling og vi er opptekne av å ta i bruk dei siste og mest effektive metodane for å gjere ein nøyaktig og god jobb. Som kunde vil du difor få løysingar som er tilpassa dine behov og vi gir deg ein dedikert kontaktperson. Om du vil, kan du få alt om rekneskapen din i skya eller på papir, – slik det passar best for deg! Vel du ei skyløysing, kan du logge deg på kvar og når du vil, også med mobil. Vi har samarbeidsavtale med Noregs Bondelag og er medlem i Regnskap Norge, og deltek jamt på deira kurs og seminar for å vere best mogleg fagleg oppdaterte. Vi ønskjer deg velkomen til ein uforpliktande samtale om våre tenester!