Økonsult AS
Økonsult er eit autorisert selskap som tilbyr profesjonelle tjenester av høg kvalitet innan rekneskap, økonomi og rådgjeving. Med lang bransjeerfaring og med det nyaste innan tilgjengelige system står vi klar for å gje kundane våre den beste servicen.
Vi fører i dag rekneskap for om lag 150 kundar frå ulike bransjer – handel, industri, handverk, bygg og anlegg, transport, service, hotell, reiseliv og restaurant. Vi tek på oss oppdrag for ulike typer selskap – alt frå aksjeselskap, ansvarlige selskap, enkeltpersonføretak og foreninger til konsernselskap. Økonsult AS har fokus på effektive elektroniske tjenester, elektronisk «papirflyt» og arkiv – både hos oss sjølve og hos kunden.
Økonsult AS vart etablert i 1997 og held til på Stranda. I 1997 etablerte vi avdeling i Sykkylven. Vi har godt kvalifisert personell og heile 7 av 10 er statsautorisert rekneskapsfører. I tillegg er ein person under utdanning med sikte på å bli autorisert. Det er vi svært stolte av! Ta gjerne kontakt for ein prat 😊